TORSDAG 6. OKT, KL. 20:00 Tungenes fyr
Billett: KR 290 INK. AVGIFT
Student: KR 150 INK. AVGIFT
Kjøp billett

Torsdag på Tungenes: Malmin og Åshild Vetrhus

MALMIN

Malmin er ein duo med Olav Christer Rossebø og Anders Sundsteigen Hana. Duoen fokuserer på folkemusikken frå Suldal og Bjerkreim i Rogaland.

Olav Christer Rossebø – fele, oktavfele, hardingfele, mikrotonal mandolin og triangel. Rossebø er kjent frå band som Lady Hardanger, Frøkedal og familien og Bergen Mandolin band.

Anders Sundsteigen Hana– mikrotonal gitar, langeleik og munnharpe. Hana spelar med Naaljos Ljom og The End og har tidlegare vore med i band som Noxagt, MoHa, Ultralyd bla bla.

Sjølv beskriv dei musikken sin slik:

Me har tatt utgangspunkt i arkivopptak med dei gamle meistrane. Ein del av slåttane har me prøvd å legge så tett opp til utøvaren som mogleg mens andre har me bevisst dratt i ei anna retning. Me har blant anna eksperimentert med å filtrere nokon av slåttane gjennom munnharpe-skalaen (naturskalaen) og gamle langeleik-skalaer. Me nyttar tradisjonelle instrument som hardingfele, vanleg fele, langeleik og munnharpe men og gitar og mandolin som me har rigga mikrotonale for å betre kunne speile tonaliteten me høyrer i arkivopptaka.

ÅSHILD VETRHUS

Åshild Vetrhus er folkesongar frå Bråtveit i Suldal. Ho har utdanninga si frå Norges musikkhøgskole og har lært folkesong av Ruth Anne Moen, Berit Opheim, Tone Juve, Kirsten Bråten Berg og Ragnhild Furholt, i tillegg til direkte frå arkivopptak med kjelder frå heile Rogaland. Åshild arbeider no som frilans musikar og som arkivar og leiar av Folkemusikkarkivet for Rogaland ved Ryfylkemuseet. Ho kjenner den lokale tradisjonen frå fylket godt, og har fordjupa seg i denne. Som musikar opptrer ho solo og i ulike grupper og prosjekt. Saman med trioen Tindra har ho vore involvert i mange musikalske prosjekt med band og folk frå andre land, inkludert den polske trioen Króke, den georgiske musikaren og komponisten Russudan Meipariani, og musikarar frå Vietnam og India.

I 2023 kjem eit nytt prosjekt på plate; «Når du er borte» – tradisjonelle gravferdssalmar frå Ryfylke og Hardanger (Vetrhus/Tveiten/Ulvo/Apeland).

Fotograf Malmin: Mirja Majevski
Fotograf Åshild Vetrhus: Signe Fuglesteg Luksengard

Dørene åpner kl. 19.30. Servering.

Fyret ligger i Randaberg, kun 15 minutters kjøretur fra Stavanger.

Konsertserien Torsdag på Tungenes er et samarbeid mellom Jærmuseet og Randaberg kommune og er støttet av kulturrådet.