ONSDAG 16. JUN, KL. 19:30 Varen
Billett: KR 320 INK. AVGIFT
Kjøp billett

HAUGESPOR -Skaparånd, spetakkel… og strikkepinnar

Eit herleg skråblikk på spora etter Hans Nielsen Hauge på Vestlandet, 250 år etter hans fødsel.

Vil du læra, le og bli riven med? Av myndige bondekoner, sjølvgode potetprestar, håplause lensmenn og trongsynte pietistar? Hans Nielsen Hauge og haugianismen er ein himmelsk lapskaus av kvardagsliv, åndsliv, næringsliv, fattigdom, rikdom, konfliktar og kreativ rekneskapsførsel. Haugerørsla har sett djupe spor i landet generelt og Vestlandet spesielt. Ryfylke Livsgnist presenterer eit historisk og humoristisk skråblikk på haugianismen, 250 år etter Hauge sin fødsel. Me trur jubileumsspelet kan hjelpa oss å sjå kvifor me blei som me blei her landet.

Om jubileumsspelet

Bli med tilbake til perioden 1796 til 1842, og opplev kva som skjedde i bygd og by i landet og på Vestlandet – med ein hyperaktiv, strikkande Hans Nielsen Hauge i front. Møt dei som var med og mot, forfølgjarar og etterfølgjarar. Musikalske perler, gripande situasjonar og gapskrattande scener kjem på løpande band. Fire skodespelarar og musikar speler 30 roller i løpet av halvannan time. Lek og lærd, styrande kvinner og myndige menn, bønder og handelsfolk, biskop og lensmann, alvorstynga predikantar og lystige haugianarar.

Medverkande:

Tor Øyvind Skeiseid: Skodespelar og manusforfattar
Silje Vignes Flesjå: Skodespelar
Tolli H. A. Frestad: Skodespelar
Svanhild Eggebø Spanne: Skodespelar
Aril Schøld: Musikalsk ansvarleg

Denne forestillingen følger regler for avstand mellom kohorter. Når du kjøper billetter legges det automatisk inn ett sete avstand til neste kohort.

Arrangør: Ryfylke livsgnist