LØRDAG 16. MAR, KL. 13:00 Randaberg folkebibliotek
Gratisbillett: KR 0 INK. AVGIFT
Kjøp billett

Fotball for heile familen med Ørjan Zazzera Johansen

Familielørdag med Ørjan Zazzera Johansen.

Ørjan Zazzera Johansen frå Bryne er forfattar og glad i fotball. Han kjem snart med si femte fotballbok, den tredje om Haaland. Han lurer på kva fotball eigentleg er og kvifor det er så gildt? Han fortel om livet til ein av verdas største idrettsstjerner og kvifor akkurat Haaland blei så god.

På Samlaget sine nettsider kan ein lese: "Ørjan Zazzera Johansen (f. 1974) er forfattar og lesevitar. Han slutta å spele fotball for tjue år sidan, men drøymer framleis om å bli proff."

Så her er det berre å snøra på seg dei imaginære fotballskoa og ha fullt fokus på fotball i bibliotekkjelleren.