FREDAG 25. APR, KL. 19:00 | Varen |
|
Kjøp billett |
Ein plass i verda
Ein plass i verda, ein musical om dei som søkte lukka i Amerika!
4. juli 2025 er det 200 år sidan sluppen Restauration segla frå Stavanger til Amerika med 52 emigrantar. Seglasen markerar byrjinga på den organiserte emigrasjonen frå Noreg.
Ein plass i verda tek til i 1795 og endar i 1825. Førestillinga handlar om lausungen Brita på Bryggjå og husmannssonen Lukas frå Himlaleite, to menneske som kunne ha levd .Dei møtte kvarandre fyrste gongen som tiåringar i 1795 då Lukas reiste til sjøs som jektegut. Brita vart att på Bryggjå. Me vert med når dei endeleg møtest att i 1825, – på den same Bryggjå.
Dei fortel om livet ute og heime, om krig og fred, om gode år og uår, og ikkje minst minner dei oss om kvifor framtidsutsiktene var så mykje betre i Amerika enn i Noreg.
«Ein plass i verda» er skrive av Ola G. Strømme og med musikk av Geir Langslet. Dei kallar framsyninga «ein musical i småformat».
Brita & Lukas speles av Hege Kristin Kjærvoll og Trond Dagsland. Dei har med seg fire musikarar under leiing av Håkon Nielsen.
Dørene åpner kl 18.00.
Foto: Leif Arne Bredland